Informasjon om
Stord Fysioterapi
Vår ambisjon er å hjelpe våre pasientar til betre helse og auka livskvalitet.
01.
Fasilitetar
Ved vårt institutt har kvar fysioterapeut sitt eige behandlingsrom og vi har eit romsleg og velutstyrt treningsareal.
02.
Frikort
Alle våre terapeutar har refusjonsrett frå Helfo og jobbar under frikortordninga. Ein treng ikkje henvising frå lege for å kome under denne ordninga og alle pasientar kan ta kontakt direkte med oss.
03.
Eigenandel
Alle pasientar over 16 år betalar eigenandelar etter Helfo sine regulerte takstar. Sjå meir info her: https://www.helsenorge.no/
04.
Avbestilling
Alle avbestillingar må skje seinast kl. 13.00 dagen før oppsatt konsultasjon. Ved avbestilling seinare enn dette eller manglande oppmøte må timen betalast i sin heilheit, inkludert Helfo sin refusjonsdel.
05.
Pasientreiser
Om du av helsemessige årsaker ikkje kan kome deg til behandling på eiga hand, så kan våre terapeutar rekvirere drosje gjennom Pasientreiser. Denne reisa må bestillast av terapeuten seinaste kl.13.00 dagen innan konsultasjonen.
06.
Parkering
Utanfor inngongen vår har vi 2 parkeringsplassar for pasientar med gyldig parkeringsløyve for forflytningshemma. For øvrig er det offentlege parkeringsplassar langs bygget og oppover Borggata. Alternativt kan ein parkere på Torget på nedsida av bygget. Alle parkeringsplassane er tidsavgrensa til 2 timar.
07.
Venteliste
Vi har stor pågong og har difor venteliste for å kome til. Ventetida varierar, men vi prioriterer følgjande pasientgrupper: Nyopererte eller større akutte skader, sjukemeldte, gravide, barn og unge, og pasientar som er henvist frå spesialisthelsetenesta.
08.
Våre samarbeidspartnarar
Har du helseforsikring privat eller gjennom jobben, eller ønskjer du ein time raskare enn vi kan tilby, så oppmodar vi deg om å ta kontakt med våre svært kompetente kollegaer ved Nemus i Leirvik sentrum eller B3 Helse på Heiane. Dei er begge heilprivate aktørar og har difor ikkje refusjonsrett frå Helfo eller frikortordning.
Nemus: 53 49 40 40 www.nemus.no/stord-bomlo/
B3 Helse: 47 75 77 72
www.b3helse.no
09.
Øvrige kommunale tilbod
Bilde frÅ klinikken
Behandlingsrom og treningssal
Vi har gode fasilitetar for trening og individuell behandling.

Behandlingsrom
Våre terapeutar har avskjerma og romslege behandlingsrom med roleg atmosfære.
Treningssal
Vi har ein godt utrusta treningssal for variert og tilrettelagt trening.


Treningsveiledning
Ut frå behov får du tilpassa treningsopplegg og veiledning i utføring av øvingar.
Venterom
Vi har eit hyggeleg venteareal i tilknytning til resepsjonsområdet.
